Vinnar av Årets teamwork IDC

Publisert 22.10.2026

Bergsikringsavdelinga i Saferoad Vik Ørsta, Pla-Mek® og Oceanize vann prisen Årets teamwork under IDC Awards 2026 for samarbeidet om CT-bolten. Det er ein bergsikringsbolt for tunnelar, og plastdelane i han er laga av utrangert tauverk frå norsk havbruk og fiskeri.

F.v. Prisutdelar Jannicke Hølen (Doga), Kai Bjørdal (Pla-Mek), Olav Johan Lystad (Saferoad Vik Ørsta), Eirik Romestrand (Saferoad Vik Ørsta) og Sonja Anita Øye (Pla-Mek)
F.v. Prisutdelar Jannicke Hølen (Doga), Kai Bjørdal (Pla-Mek), Olav Johan Lystad (Saferoad Vik Ørsta), Eirik Romestrand (Saferoad Vik Ørsta) og Sonja Anita Øye (Pla-Mek)

Samarbeidet viser korleis tre selskap kan spele kvarandre gode. Oceanize sorterer, kvernar og vaskar PP- og PE-tau frå havbruk og fiskeri. Hjå Pla-Mek® blir granulatet brukt som råstoff i produksjonen av injeksjonsrøyr til CT-bolten. Bergsikringsavdelinga i Saferoad Vik Ørsta brukar røra i produksjon av produktet CT-bolt. Slik får tau som elles ville blitt avfall, eit nytt og langt liv inne i fjellet. Gevinsten kan målast: Berre i 2024 gav den resirkulerte plasten frå Oceanize 183 tonn lågare CO2-utslepp, ifølgje Energiråd AS.

–Det er stas at det blir sett fokus på samarbeid som dette, for mykje av det viktigaste arbeidet skjer mellom selskapa og ikkje berre inne i kvart av dei. Vi er avhengige av å ha gode samarbeidspartnarar som kjenner oss godt og forstår våre og kundane sine behov, seier produktsjef for bergsikring Eirik Romestrand.

Prisen «Årets teamwork» heidrar dei som bygg sterke team, sameinar ulike perspektiv og kompetanse og let samarbeid stå i sentrum for godt design

Olav Johan Lystad og Eirik Romestrand frå Saferoad Vik Ørsta saman med Kai Bjørdal frå Pla-Mek

Olav Johan Lystad og Eirik Romestrand frå Saferoad Vik Ørsta saman med Kai Bjørdal frå Pla-Mek

Prisen for Årets teamwork IDC 2026

Prisen for Årets teamwork IDC 2026

CT-bolten med resirkulert plast frå tauverk

CT-bolten med resirkulert plast frå tauverk

Pla-Mek® og Saferoad Vik Ørsta har jobba saman om produktutvikling i fleire tiår. For eitt år sidan tok dei også steget vidare og byrja å samarbeide om marknadsføring. Med andre ord er det samarbeid og teamwork på fleire nivå i bedriftene.

Prisen viser at berekraft og kvalitet kan gå hand i hand. Krava til lågare klimaavtrykk blir stadig viktigare i anbod. Då er det avgjerande å ha lokale partnarar som held høg kvalitet.

IDC

IDC står for Innovation, Design & Collaboration og er møteplassen for industridesign og design i Møre og Romsdal. Prisane går til design som fungerer godt, løyser reelle problem og bidreg til ei betre verd. I same kategori var også Tussa og A. Våge nominerte for SolarAnchor, og MMC First Process og Framo for AQU Green Circ.