Samarbeidet viser korleis tre selskap kan spele kvarandre gode. Oceanize sorterer, kvernar og vaskar PP- og PE-tau frå havbruk og fiskeri. Plasten blir smelta om til granulat, og kvaliteten blir testa i laboratoriet. Hjå Pla-Mek® blir granulatet brukt som råstoff i produksjonen av injeksjonsrøyr til CT-bolten. Materialet blir bearbeidd i ein ekstruder og vidareforedla til tekniske plastkomponentar.
Saferoad Vik Ørsta set saman røyra med kamstål frå Mo i Rana, etter at det er varmforsinka og lakka i produksjonen i Ørsta. Deretter blir bolten pakka og send til tunnelprosjekt. Slik får tau som elles ville blitt avfall, eit nytt og langt liv inne i fjellet. Gevinsten kan målast: Berre i 2024 gav den resirkulerte plasten frå Oceanize 183 tonn lågare CO2-utslepp, ifølgje Energiråd AS. Heile verdikjeda har kvalitet, effektivitet og berekraft i fokus.