Ny direktør i Saferoad Vik Ørsta: – Vi skal vere ei bedrift folk er stolte av

Publisert 22.05.2026

Sindre Stølan er tilsett som ny administrerande direktør i Saferoad Vik Ørsta. Med brei erfaring frå elektrobransjen og eit sterkt engasjement for norsk industri, går han inn i rolla med ambisjonar om vekst, enda sterkare samhald og større synlegheit i lokalsamfunnet.

Administrerande direktør Sindre Stølan ved fabrikken i Ørsta. Foto: Anita Stokke
Administrerande direktør Sindre Stølan ved fabrikken i Ørsta. Foto: Anita Stokke

Monterte lysmaster tidleg på 2000-talet

– Det som trekte meg hit, var historia, arven og merkevara. Saferoad Vik Ørsta er eit sterkt namn i marknaden og det er spennande å få vere med og byggje vidare på det som allereie er skapt, seier Stølan.

42-åringen bur i Ålesund og kjem opphavleg frå Gjerdrum. Han er utdanna elektrikar og har gjennom karrieren hatt roller innan alt frå installasjon og service, til sal, produktutvikling, opplæring og marknadsarbeid. Han har også erfaring frå arbeid med lærlingar og rekruttering til elektrofag. Ein liten fun fact er at Sindre kjende til bedrifta lenge før han byrja å jobbe her. Tidleg på 2000-talet, då han arbeidde som elektrikar på Austlandet, monterte han lysmaster frå Ørsta i fleire prosjekt.

– Eg har faktisk vore med og montert både fundament, stolpar og armatur ute i felt. Så det er litt artig å tenkje på at eg no kjem inn i ei leiarrolle i den same verksemda, seier han.

Sindre Stølan gler seg til å ta Saferoad Vik Ørsta vidare. Foto: Anita Stokke

Sindre Stølan gler seg til å ta Saferoad Vik Ørsta vidare. Foto: Anita Stokke

Tru på vekst

Stølan fortel at det første inntrykket av Saferoad Vik Ørsta er at det er høg kompetanse og stort engasjement blant dei tilsette.

– Det er fantastisk mykje flinke folk her, og veldig mykje motivasjon og arbeidsglede. Eg opplever ein organisasjon med stor kunnskap og mykje stoltheit, seier han. Samtidig meiner han at bedrifta har eit større samfunnsoppdrag enn mange kanskje tenkjer over i kvardagen.

– Vi jobbar ikkje berre med stål. Produkta våre bidreg til tryggleik langs vegane og er med på å redde liv. Dersom vi løftar blikket litt, ser vi at vi har ei viktig rolle både for samfunnet og for dei som ferdast på vegane, seier Stølan.

I den første tida som direktør vil han prioritere å lytte, vere tett på organisasjonen og bli godt kjend med både dei tilsette og verksemda på dei ulike lokasjonane.

– Eg må gjere meg fortent til tillit. Det handlar om å vere til stades, lytte og vise at eg ønskjer å forstå både folk, drift og utfordringar, seier han. Han peikar på at marknaden er krevjande, med høge råvareprisar, uro i verda og sterk konkurranse både frå norske og utanlandske aktørar. Likevel meiner han at bedrifta står godt rusta til å møte utfordringane.

– Eg har tru på vekst, men vi må jobbe strukturert og riktig. Vi skal ikkje ta snarvegar. Vi må utvikle oss vidare, sjå på nye moglegheiter og samstundes ta vare på identiteten og styrkane vi allereie har, seier han.

På fritida er fiske ein av favorittsyslane. Foto: privat

På fritida er fiske ein av favorittsyslane. Foto: privat

Vi skal vere ei bedrift folk er stolte av å jobbe i

Eit viktig mål for Stølan er også å styrkje bandet mellom bedrifta og lokalsamfunnet.

– Vi skal vere ei bedrift folk er stolte av å jobbe i, og som lokalsamfunnet er stolte av å ha. Vi skal vere synlege, bidra der vi kan og vere ein aktiv del av miljøet rundt oss, seier han.

På fritida er Stølan aktiv som fotballtrenar for døtrene sine og trivst godt både i naturen og på fisketur. Han røper også ein litt mindre kjend side ved seg sjølv: i mange år var han aktiv i teater, både som skodespelar og instruktør. No ser han fram til å ta fatt på arbeidet i ei av dei største industriverksemdene i regionen.

– Eg er stolt av å få lov til å stå i front for så mange dyktige og kompetente menneske. No gler eg meg til å ta fatt på jobben saman med dei, avsluttar Sindre Stølan.